fredag 21. mai 2021

 Bildene fra fotokonkurransen kom ikke med i forrige innlegg, så jeg prøver på nytt..


Hildegunn

Jan Inge

Håvard


 Våren er trekkfuglenes tid. For de av oss som er ivrige amatørornitologer er det også en hektisk tid. Mange timer blir tilbragt med kikkert, teleskop og kamera for å ønske de kjente og kjære velkommen, men også for å speide etter de mer spennende gjestene som alltid dukker opp. Her er den kjente og kjære representert ved linerla, mens vintererla representerer de mer spennende gjestene..

Vintererle

Linerle

 Resultatene for fotokonkurransen "1.mai" er klare. Jury har vært styret i lokallaget Sunnmøre og Nordfjord.

Dei tre vinnarbilda vart:

 

1. plass:

Et bilde som inneholder vann, utendørs, natur, stein

Automatisk generert beskrivelse

Fotograf: Hildegunn Didriksen  tittel: Fargerikt  berg

 

Juryen si vurdering:

Bilde har ein klassisk god komposisjon med horisonten godt plassert for å skape djupne og dynamikk. Djupna i bildet vert understreka av berget og steinen i framgrunnen og berget som strekker seg innover i bildet og skaper ei tydeleg diagonal line frå venstre kant i forgrunnen mot høgre Denne som svingar og leier blikket inn mot fuglane som kan funger som eit hovudmotiv. Nokre i juryen syntest fuglane vart litt for små til å fungere godt som eit interessepunkt og hovudmotiv. Berget har fine pastellaktige rosa tonar som harmonerer godt med det passeleg sløra vatnet. Himmelen speglar seg litt i vassflata og skaper ei gjentaking av den rosa fargetonen som også finnast i berget.  Flata berget og fjella som stig mot høgre i bakgrunnen utgjer balanserer bildet fint mot den store vassflata i venstre del av bildet, og fjellet vidarefører nærast den diagonale lineføringa. Bildet har ein harmonisk , god og interessant komposisjon som formidlar ro og harmoni. Isen er eit interessant element i bildet med ei form i mellomgrunn og bakgrunn som bygg opp under hovudlineføringa i bildet. Ein i juryen meinte bildet kunne tent på ei viss beskjæring i breidda.

 

2. plass:

Et bilde som inneholder utendørs, himmel, natur, vann

Automatisk generert beskrivelse

Fotograf: Jan Inge Karlsen  tittel: Tungeneset

 

Juryen si vurdering:

Kvadratisk format kler bildet godt. Bildet har ein god og spennande komposisjon med fleire ledande liner, særleg diagonalen frå framgrunnen i venstre kant som leiar blikket til fjella i bakgrunnen som fungerer som hovudmotiv. Bildet har komplementære fargar, gule fargar i berget og turkise fargar i vatnet, som fangar blikket: Det er litt flatt lys, og fjella i bakgrunnen får litt for liten kontrast mot himmelen, særleg i høgre del av bildet. Det hadde også vore ein fordel om det kunne teiknast noko meir detaljar og «liv» i himmelen. Det var framme i diskusjonen om ei beskjæring av den mest kontrastlause og lyse delen av bildet i bakgrunnen i høgre kant kunne vere eit alternativ.

 

3. plass:

Et bilde som inneholder utendørs, natur, vann, omgitt

Automatisk generert beskrivelse

Fotograf: Håvard Boge

 

Juryen si vurdering:

Bildet formidler ei dramatisk nordnorsk stemning med både lys og bygever, denne er lett igjenkjenneleg også for vestlendingar. Fotografen har skapt eit spenningsfylt bilde med lyset, skuggane, skarpe og diffuse element som kjem inn frå sidene. Den symmetriske og midtstilte komposisjonen forsterkar fokuset på hovudmotivet, noko som kunne vore framheva enno meir med ei beskjæring til eit kvadratisk format. Speglinga av fjellet i fjorden framhevar også dramatikken i bildet og er ein viktig del av komposisjonen. Sidan bildet har noko flatt lys og naturleg nok har noko lav kontrast, vart det stilt spørsmål om det kunne vere rom for noko kontrastauke i himmelen for å forsterke uttrykket i bildet noko. Ein tydeleg støvflekk frå sensoren burde vore fjerna i etterbehandlinga.

lørdag 6. mars 2021

 

1.pass i fotokonkurransen med tema "Høst". Fotograf Hildegunn Didriksen.

Vi gratulerer!

lørdag 30. januar 2021

søndag 17. januar 2021

Påminnelser: Frist for innsending av foto til fotokonkurranse 20. januar 2021. Se tilsendte e-post, sendes til nordland.biofoto@gmail.com
Medlemsmøte på Teams Onsdag 3. februar klokken 20:00.
Årsmøte på Teams onsdag 24. februar klokken 20:00

onsdag 30. desember 2020


 Ikke mye julesnø i år! Mefjordeidet på Senja på lille julaften..