Resultatene for fotokonkurransen "1.mai" er klare. Jury har vært styret i lokallaget Sunnmøre og Nordfjord.
Dei tre vinnarbilda vart:
1. plass:
Fotograf: Hildegunn Didriksen tittel: Fargerikt berg
Juryen si vurdering:
Bilde har ein klassisk god komposisjon med horisonten godt plassert for å skape djupne og dynamikk. Djupna i bildet vert understreka av berget og steinen i framgrunnen og berget som strekker seg innover i bildet og skaper ei tydeleg diagonal line frå venstre kant i forgrunnen mot høgre Denne som svingar og leier blikket inn mot fuglane som kan funger som eit hovudmotiv. Nokre i juryen syntest fuglane vart litt for små til å fungere godt som eit interessepunkt og hovudmotiv. Berget har fine pastellaktige rosa tonar som harmonerer godt med det passeleg sløra vatnet. Himmelen speglar seg litt i vassflata og skaper ei gjentaking av den rosa fargetonen som også finnast i berget. Flata berget og fjella som stig mot høgre i bakgrunnen utgjer balanserer bildet fint mot den store vassflata i venstre del av bildet, og fjellet vidarefører nærast den diagonale lineføringa. Bildet har ein harmonisk , god og interessant komposisjon som formidlar ro og harmoni. Isen er eit interessant element i bildet med ei form i mellomgrunn og bakgrunn som bygg opp under hovudlineføringa i bildet. Ein i juryen meinte bildet kunne tent på ei viss beskjæring i breidda.
2. plass:
Fotograf: Jan Inge Karlsen tittel: Tungeneset
Juryen si vurdering:
Kvadratisk format kler bildet godt. Bildet har ein god og spennande komposisjon med fleire ledande liner, særleg diagonalen frå framgrunnen i venstre kant som leiar blikket til fjella i bakgrunnen som fungerer som hovudmotiv. Bildet har komplementære fargar, gule fargar i berget og turkise fargar i vatnet, som fangar blikket: Det er litt flatt lys, og fjella i bakgrunnen får litt for liten kontrast mot himmelen, særleg i høgre del av bildet. Det hadde også vore ein fordel om det kunne teiknast noko meir detaljar og «liv» i himmelen. Det var framme i diskusjonen om ei beskjæring av den mest kontrastlause og lyse delen av bildet i bakgrunnen i høgre kant kunne vere eit alternativ.
3. plass:
Fotograf: Håvard Boge
Juryen si vurdering:
Bildet formidler ei dramatisk nordnorsk stemning med både lys og bygever, denne er lett igjenkjenneleg også for vestlendingar. Fotografen har skapt eit spenningsfylt bilde med lyset, skuggane, skarpe og diffuse element som kjem inn frå sidene. Den symmetriske og midtstilte komposisjonen forsterkar fokuset på hovudmotivet, noko som kunne vore framheva enno meir med ei beskjæring til eit kvadratisk format. Speglinga av fjellet i fjorden framhevar også dramatikken i bildet og er ein viktig del av komposisjonen. Sidan bildet har noko flatt lys og naturleg nok har noko lav kontrast, vart det stilt spørsmål om det kunne vere rom for noko kontrastauke i himmelen for å forsterke uttrykket i bildet noko. Ein tydeleg støvflekk frå sensoren burde vore fjerna i etterbehandlinga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar